top of page
Bakgrunnsbilde_av_ei_ Jærstrand_med_ein_ryggsekk_og_eit_kamera_på_stativ

Elin Rønnekleiv

"Fotoelin" er samlenamnet på arbeidet mitt med fotografi og visuell formidling.

 

Bileta spring ofte ut av møte med landskap, menneske og stille augneblinkar – og av ønsket om å sjå nærare på det som elles kan gå forbi.

 

Eg byrja å fotografere meir målretta etter ei livsendring i 2016. Fotograferinga opna eit nytt rom for både meistring og meining, og vart i ein periode ein sentral del av kvardagen. Arbeidet har utvikla seg gjennom eigne prosjekt, deltaking i fotokonkurransar, bokutgjevingar og sal av bilete.

 

Bileta er ikkje laga for å forklare alt, men for å opne rom – for ettertanke, gjenkjenning og eigne tolkingar. Mange av prosjekta blir til over tid, i spenningsfeltet mellom det ytre landskapet og det indre.

 

Eg held også fotoføredrag der bilete, forteljing og refleksjon blir vevd saman og presentert saman med tekst og musikk – ofte med utgangspunkt i turar, både i ytre og indre landskap. Føredraga kjem som ei forlenging av det fotografiske arbeidet, ikkje som eit mål i seg sjølv.

 

"Fotoelin" er mitt personlege fotoprosjekt. Aktiviteten er i dag hobbybasert og ikkje organisert som næringsverksemd. Arbeidet har røter i den tidlegare verksemda Rønnekleiv Tekst og Foto, som var registrert som aksjeselskap der eg var eineaksjonær. Verksemda er no avvikla, men aktiviteten blir vidareført i mindre omfang som privat hobbyverksemd.

 

Eventuell betaling skjer etter avtale.

 

Eg er sjølvlært fotograf, med uvurderleg støtte frå eit inkluderande fotomiljø i Rogaland.

Kontakt: fotoelin4(krøllalfa)gmail.com

Betaling skjer etter avtale  (Vipps privat)

© 2026 Elin Rønnekleiv

bottom of page